Kraftsentrum 7/2008: Kraftsentrum blør og dør

Bokhaustens store favoritt, Gunnhild Øyehaug, har ikkje berre gitt ut roman denne hausten. Saman med Olaug Nilssen har ho også laga sitt aller siste tidsskrift.

Kraftsentrum nr 7 er ei melodramatisk avslutning på ei kort rekke særeigne litteraturmagasin.

Den første utgåva av Kraftsentrum handla om drit, og denne siste utgåva handlar om blod. Slik sett har vi laga eit lite krinslaup, der vi starta med det som skal ut, som avfall, og endar med det som vi treng for å halde oss gåande, og som sirkulerer inne i oss på måtar som gjer oss svimle om vi prøver å førestelle oss det, og som det i alle fall ikkje går an å høyre om ein dyttar øyret aldri så langt ned i sin eigen arm, der det susar i små elvar under huda. Blodet: dunka ut frå eit hjarte, piplande fram på eit kne som har falle, eller fossande ned heis-sjakter i Ondskapens hotell - korleis ser det ut i litteraturen?

Av bidragsytarar kan vi nemne Gunnar Staalesen, Kjerstin Aukrust, Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjort, Agnes Ravatn, Kjersti Rorgemoen, Daniel Sjölin, Johan Harstad og så vidare, og så vidare, og så vidare

"Faktum er at jeg har lært mer om litteratur ved å lese Kraftsentrums befriende blanding av det lave og det høye enn på veldig veldig lenge " -- Helle Vaagland/Klassekampen

"(...) det beste litteraturtidsskriftet i Norge akkurat nå heter Kraftsentrum. Ikke siden storhetstiden til Dag Solstad og Jan Erik Volds Profil på sekstitallet har vi hatt et litterært tidsskrift som til de grader samler noen av Norges beste, yngre forfattere."  -- Knut Hoem/Nrk

Nøkkelord: Tidsskrifter Litteratur Essay Kritikk

Andre kunder kjøpte også: