Beskrivelse
Boka inneheld seks kortare skodespel som ikkje tidlegare har vore trykte på norsk.
Leve hemmeleg (fyrste gong framført på Schaubühne, Berlin, i 2000). Ein raud sommarfugls vengjer (fyrste gong framført av Artistas Unidas i Portugal 2004). Telemakos (fyrste gong framført av Teatret Vårt i 2005), Fridom (fyrste gong framført på Det Åpne Teater i 2006), Der borte (fyrste gong framført på Det Åpne Teater i 2006), og Juletresong (fyrste gong framført på Dramatikkens hus i 2010).
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.
Fosse kjem frå Strandebarm. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og ei essaysamling. Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten (1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke i norsk samtidslitteratur.
Sjølv om Fosse i dag er mest kjend som dramatikar, har han heile tida halde fram med å produsere litteratur av høg kvalitet også i tradisjonell bokform. Gode eksempel på dette er romanane Naustet (1989), Melancholia I (1995) Melancholia II (1996), Morgon og kveld (2000) og Andvake (2007), samt diktsamlingane Hund og engel (1992), Nye dikt (1997) og Auge i vind (2003). Fosse er i tillegg ein populær barnebokforfattar.
I 2009 markerte Samlaget Jon Fosse sin 50-årsdag med ei stor feiring på Litteraturhuset i Oslo. I samband med jubileet gav Samlaget ut biografien Jon Fosse – Poet på Guds jord og praktboka Dikt i samling. Fosse kom dessutan sjølv med to nye bøker, diktsamlinga Songar og barneboka Spelejenta.
Fosse er utdanna cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og konsulent og omsetjar av teaterstykke. Fosse var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 1998 og ved Festspillene i Bergen i 2005. Han er i dag busett i Bergen.