Beskrivelse
Korleis kjem ein inn i norskfaget? Ein måte å nærme seg dette store faget på er å sjå det i eit metaperspektiv, og det er denne innfallsvinkelen boka legg vekt på. Viktige problemstillingar blir derfor:
Kva kan faghistoria og fagdebatten fortelje oss om norskfagets eigenart?
Kva seier læreplanar om norskfaget?
Korleis skal ein forhalde seg til skiljet språk/litteratur?
Kva for fagdidaktiske problemstillingar er sentrale?
Korleis er dei to målformene med på å gjera norskfaget til eit eigenarta fag?
Kva har sjangertenkinga å seia for norskfaget?
Boka kombinerer norskfag, norskfaghistorie, norskfagdebatt og norskdidaktikk på ein spennande måte. Forfattaren kastar lys over karakteristiske trekk ved faget, faghistoria, debatten og didaktikken. Han skriv for allmennlærarstudentar og studentar i praktisk pedagogisk utdanning som studerer norsk. Framstillinga er ein presentasjon av eit fag og kan lesast som ei innføringsbok der forfattaren både gjev lesaren eit overblikk over eit stort fagkompleks og tek han med på nokre djupdykk i viktige emne.