Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad møttest på ein omsettarverkstad i 2012. Der tolka dei kvarandre sine debutdiktsamlingar til respektive svensk og rumensk, utan å beherske den andre sitt språk. Trado (H//O//F, 2021) er eit framhald av samarbeidet deira. Her er originalen ein konsekvens av omsettinga, i eit dikt om arv, forræderi og kjærleik, der to stemmer blandar seg og bytar plass. Trado kom ut i Sverige og Romania i 2016 og er sidan omsett til polsk og dansk.
Svetlana Cârstean er fødd i 1969 og bur i Bucureşti. Ho er poet, journalist og omsettar. Debuterte med Floarea de menghină i 2008 (på svensk som Skruvstädsblomman, 2013). I 2017 kom Tyngdekraft (Gravitaţie, 2015) ut på H//O//F, gjendikta av Sindre Andersen. I 2021 kom samlinga Sînt alta.
Athena Farrokhzad er fødd i 1983 og bur i Stockholm. Ho er poet, dramatikar, omsettar og lærar ved BiskopsArnös forfattarskole. Debuten Hvitverk (Vitsvit, 2013) kom på norsk i 2015, gjendikta av Tina Åmodt. I 2019 gav ho ut samlinga I rörelse.