Grabjergsang

NBU har gjeve ut det andre nummeret i vår vesle skriftserie med det store innhaldet om barne- og ungdomslitteratur.

Denne gongen har barnebokaktuelle Inger Bråtveit skrive om Zinken Hopp og hennar klassikar Trollkrittet. Bråtveit har trekt linjene til Alice in Wonderland, som tidleg vart omsett til norsk med tittelen Else i Eventyrland – av nettopp Zinken Hopp.

Geir Gulliksen er Brageprisnominert saman med Anna Fiske for si bildebok i år, og begge har levert bidrag til BU1202. Anna Fiske har teikna den originale og levande puddelen sin i ulike nye situasjonar, og Geir Gulliksen  har skrive eit lysande essay om å skrive for barn og å skrive for alle.

Finn Øglænd er poeten som ville vere rockestjerne, han skriv provoserande om dei sinte unge mennene i fleire bøker og  no i essay for oss.

Synne Lea er stjerna i midten; eit talent med to nye dikt.

Høgskolar, bibliotek og bokhandlarar må no kaste seg over telefonen og bestille – våre medlemmer får det tilsendt.