Brinna

269,-

Anja Utler (f.1973) har sidan debuten i 1999 blitt eit sentralt namn i den tyske samtidspoesien. brinna er den tredje diktsamlinga hennar. Dikta i denne boka er ein jakt på lydkonstruksjonar som kan vere både sensuelle og oppbrytande. Det postindustrielle gruvelandskapet er også til stades i dikta, slik Utler hugsar det frå heimtraktene.

For første gong på norsk. Gjendikta og med etterord av Arild Vange.

Anja Utler (f. 1973) kjem frå Schwandorf i Bayern, og bur i dag i Wien. Ho debuterte med diktsamlinga aufsagen i 1999, og er i dag ein av dei viktigaste tyske samtidspoetane. brinnen kom i 2006. Utler har studert slaviske språk og litteratur i St. Petersburg og tok i 2003 doktorgrad om kvinnelege russiske modernistiske poetar. Same år mottok ho Leonce-und-Lena-Preis, den viktigaste prisen for unge tyskspråklege lyrikarar.

 

    Anja Utler: Brinna
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Utgivelsesår: 2012
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Arild Vange
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788252177695
  • Innbinding: Innbundet