Eg sette brillene på min katt
Vakker biletbok for førskule-og småskuleungar med enkle, barnenære dikt av ”diktarapparatet Vesaas” (som ein barnemunn ein gong las då det stod ”diktarparet Vesaas”).
Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne på bestilling til bruk i lesebøker, medan ein del av Tarjei Vesaas’ dikt er tekne frå hans vanlege diktsamlingar for vaksne – i den gode tru at dei kan lesast med utbyte både for og av barn. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik har som spesiale å illustrere dikt – ho meistrar den fine balansegangen mellom tolking og meddikting.
Ei vakker familiebok, som ønskjer små og store velkomne inn i diktet. Boka er med på å markere 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007.
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Utgivelsesår: 2007
- Kategori: Barnebøker
- Lagerstatus:
Få igjen
- Antall sider: 29
- ISBN:
- Innbinding: Innbundet
