Fire drama

299,-

Intens dramatikk frå ein av Europas mest populære forfattarar før første verdskrigen. 

På starten av 1900-talet var Maurice Maeterlinck ein av Europas aller mest kjende forfattarar og symbolistar, og i 1911 fekk han Nobelprisen i litteratur. Maeterlincks intense og fantasifulle drama om forboden og uunngåeleg kjærleik, om kreftene som finst i mennesket og naturen, og om lagnadstunge val var svært populære. Blant desse er Dei blinde, Dei sju prinsessene, Inntrengjaren, og Pelléas og Mélisande, alle trykte i denne boka.

Omsett frå fransk av Grete Kleppen.

Redaktør for serien: Jon Fosse