Forklaringsopplysningane

299,-

Ei av Sveriges mest særeigne poetiske stemmer. For første gong på norsk får vi med "Forklaringsopplysningane" presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson - også kalla UKON.

UKON viser at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar, i ei kontinuerleg språkleg omforming. Utvalet er konsentrert rundt midten av forfattarskapen, mellom samlingane «Vådrets hjårna» (1994) og «Brukaren» (2011), med tyngdepunkt i gjennombrotet «Stammar» frå 2002. I tillegg presenterer boka nokre nyskrivne dikt. Utval og gjendikting ved Monica Aasprong.