Jakob og Neikob og det tomme rommet

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

- Vi treng ein sambuar, seier Neikob.

 

Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, og denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner. Den tredje boka om Jakob og Neikob handlar om dei store tinga i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

”Kari Stais serie om surpompen Neikob og optimisten Jakob er blant våre beste bildebøker.” – Maya Troberg Djuve,  Dagbladet

"Kort, klar og elegant tredjebok. (…) Historiene er enkle, underfundige og humoristiske og eignar seg svært godt som høgtlesing" – Ingeborg Mjør,  Dag og tid