Småsporven
Ei barnebok med dikt av Arne Garborg er ei sjølvsagd gåve i jubileumsåret! Småsporven er ei vakker biletbok som gir dei små moglegheiten til å bli kjent med ein av våre verkelege kulturskattar. Dette er ei bok som kan følgje ungane gjennom heile barndomen.
Arne Garborg skreiv dikta i denne boka i 1895. Inger Lise Belsvik laga bilete til dei 106 år seinare. Slik blir dei som nye, dikta om den silkekledde haren og killingane som dansar, om jenta i blåbærli og katten som drøymer under omnen - og om småsporven som tippar korn i tunet og ler åt katten grå. Desse klassiske perlene har Inger Lise Belsvik med stor kjærleik og mykje humør illustrert i vakre fargar. Den rogalandske bokkunstnaren har lagt inn karakteristiske jærlandskap i mange av bileta. Ei bok som små og store, unge og gamle, vil glede seg over saman.
- Forlag: Det Norske Samlaget
- Utgivelsesår: 2001
- Kategori: Barnebøker
- Lagerstatus:
Få igjen
- ISBN:
- Innbinding: Innbundet