Slaveliv

Skodespelet Slaveliv tek publikum med på fleire ulike tankeeksperiment for å snu på vande førestillingar, ofte ved hjelp av små, enkle og provoserande grep. Det minner om ein slags heseblesande montasje der vi skal gjennom mange uttrykk og sjangrar. Slaveliver ein kabaret over forbrukarsamfunnets blindsoner. Klede, elektronikk, matvarer, skjønnheitsprodukt, store idrettsarrangement – heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den uretten som ikkje rammar oss sjølve.

Konstantin Küspert (f. 1982) er ein tysk forfattar, omsetjar og dramaturg. Han arbeider i dag ved teateret Schauspiel Frankfurt. Han har skrive stykke om politiske temaer som nynazisme og moderne slaveri.