Kuk og hjarta

279,-

Han held rundt meg. Eg seier: Av og til er du så fin at eg får lyst til å kasta opp. Når då, spør han. Som då du på veg hit lyfta ein påkøyrd halvdaud katt frå vegen, for heller å la han døy i fred i vegkanten. Han mjauar, knurrar, fresar og purrar, og eg gnir meg inntil beina hans. Han småbit meg varsamt i nakken. Prøver å dra meg etter seg inn under dyna.  

Kuk og hjarta er ein roman om avkledd kjærleik, feminisme, kunst og håplaus romantikk. Den handlar ikkje om då ho møtte han, eller han, eller han, ikkje eigentleg. Men kva er det då? Då ho møtte kuken? Då kuken møtte hjarta? Av og til er verda bitte lita, men likevel grenselaus, slik som denne boka.

Heidi-Anett Haugen (f.1985) er biletkunstnar med bachelorgrad i samtidskunst frå Kunstakademiet i Tromsø og mastergrad i biletkunst frå Kunstakademiet i Trondheim. Ho bur i Trondheim.

«Sjølve språket sansar der Kuk og hjarta er på sit beste. (...) Det er så herleg å lese opninga til debutromanen til Heidi-Anett Haugen. (...) heile den første delen «Eg kjem» er vigde skildringar av god og gledefylt sex. (...) Eg håpar på meir sansande skrift frå denne forfattaren.» – Kristina Leganger Iversen, Klassekampen

Andre kunder kjøpte også:

Av samme forfatter: