Vi må spele meir saman

80,-

Kjersti Wøien Håland var festivalpoet på Oslo Jazzfestival i 2019. Desse dikta blei til der. I musikken, i byen, i jazzen, blant folka.

eg vil sende eit postkort
frå alle vanlege tysdagar

som ikkje er så vanlege likevel
til dei grå og stille dagane
som er tomme for musikk
eg vil gi ei bursdagsgåve
til nokon eg ikkje kan namnet til
eg vil hugse på
at på enkelte augustkveldar
luktar det blåbær av lufta
sjølv om vi er midt i byen
på enkelte kveldar
heilt vanlege uvanlege tysdagskveldar
er alt og alle ei gåve så
gratulerer så mykje med dagen

    Kjersti Wøien Håland: Vi må spele meir saman
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgivelsesår: 2019
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 30
  • ISBN: 9788282883788
  • Innbinding: Heftet