Trado

229,-

Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad møttest på ein omsettarverkstad i 2012. Der tolka dei kvarandre sine debutdiktsamlingar til respektive svensk og rumensk, utan å beherske den andre sitt språk. Trado er eit framhald av samarbeidet deira. Her er originalen ein konsekvens av omsettinga, i eit dikt om arv, forræderi og kjærleik, der to stemmer blandar seg og bytar plass. Trado kom ut i Sverige og Romania i 2016 og er sidan omsett til polsk og dansk.

Sindre Andersen har gjendikta Cârstean frå rumensk til bokmål, medan Ida Hove Solberg har gjendikta Farrokhzad frå svensk til nynorsk. Den midtre delen av Trado, som Cârstean og Farrokhzad har forfatta saman, har Andersen og Solberg samarbeidd om for å skape ein versjon som ber i seg alle kjeldene og begge målformene.

Svetlana Cârstean er fødd i 1969 og bur i Bucureşti. Ho er poet, journalist og omsettar. Debuterte med Floarea de menghină i 2008 (på svensk som Skruvstädsblomman, 2013). I 2017 kom Tyngdekraft (Gravitaţie, 2015) ut på H//O//F, gjendikta av Sindre Andersen. I 2021 kom samlinga Sînt alta.

Athena Farrokhzad er fødd i 1983 og bur i Stockholm. Ho er poet, dramatikar, omsettar og lærar ved Biskops­Arnös forfattarskole. Debuten Hvitverk (Vitsvit, 2013) kom på norsk i 2015, gjendikta av Tina Åmodt. I 2019 gav ho ut samlinga I rörelse.

Sindre Andersen er fødd i 1982 og bur i Oslo. Han er poet, kritikar og omsettar.

Ida Hove Solberg er fødd i 1987 og bur i Oslo. Hen er ph.d. i omsettingsvitskap, kritikar og gjendiktar.

Design ved Eller med a.

 

«Trado skriv fram eit mangfaldig bilete av omsetjingshandlinga. Sjølv om dikta og det lyriske essayet tek utgangspunkt i filologiske erfaringar, i det lingvistiske gapet som opnar seg mellom språk fordi dei ikkje er ekvivalente, så handlar boka ikkje om snever omsetjingsteori. Omsetjing vert her til eit fasettert omgrep som forplantar og forgreinar seg. Ikkje minst vert omsetjing til ei eksistensiell handling og grunnleggjande for den poetiske skrivinga.» 

«Poetane plasserer omsetjingsverksemda også under ein eksistensiell horisont: Det dreier seg om moglegheita og nødvendigheita i å overskride livshistoria og bakgrunnen, det overleverte, og om å leve seg inn og vere i den andre for å bli til seg sjølv, eller for å vere seg sjølv, for å overleve.» //

«Trado set i gang mykje hos lesaren, ein kjenner seg tidvis forvirra, og det skal ein kjenne når språkrøtene losnar under ein, når orda og teksten formeleg smuldrar i møte med andre språk, når ein ikkje har ord, men må finne dei. Så kan ein berre spekulere i kva den norske gjendiktinga har klart å tydeleggjere i originalteksten og kva den har skjult for oss. Gjendiktarane har for sikkerheits skuld lagt til eit dikt, til slutt, i boka, kanskje for at vi skal merke at dei har vore der. Og eg kan gjerne spørje slik dei gjer, for er det noko ein sit att med, er det spørjinga desse dikta og tekstane vekker i ein: «Kva tekst måler vi teksten vår mot?» 

– Sindre Ekrheim, Krabben poesikritikk

    Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad: Trado
  • Forlag: H//O//F
  • Utgivelsesår: 2021
  • Kategori: Poesi
  • Originaltittel: Trado
  • Oversetter: Ida Hove Solberg & Sindre Andersen
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 136
  • ISBN: 978­82­8417­014­5
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: