Det ukjende barnet
Bok nummer fem i gjendiktingsserien for poesi er Sør-Afrikanske Patricia Schonstein-Pinnock.
Meldingar på The Unknown Child:
«Det er ingen tvil om den medfølelsen og den sorgen som levendegjør disse diktene av krig, død og kjærlighet.» JM Coetzee 2003 Nobel Laureate
«En hjemsøkende, forstyrrende og bevegelsesladet antologi som setter fingeren på situasjonen på barn som er konfliktenes offer, for folkemord og grådighet. Måtte disse diktene berøre oss til å bygge en bedre verden.» Emeritus Desmond Tutu. Nobel Laureate 1984
«Språket … er det vi assosierer med lidenskap mens innholdet er forbundet med dyp sorg og raseri. Raseri overfor de fryktsomme folkemordene, brodermordene og naturødeleggelsene.» Lucinda Jolly, Cape Times
Om forfattaren: Patricia Schonstein-Pinnock blei fødd i 1952 i Rhodesia og voks opp der. Ho flytta seinare til Sør-Afrika og bur no i Cape Town der ho arbeider som forfattar og forleggjar. Ho har skrive dikt og forteljingar for born og fleire romanar og diktbøker for vaksne. The Unknown Child (2009) er eit utval frå dei vaksne diktbøkene hennar og hentar motiv frå fleire afrikanske land. Her framkallar ho redslene krig, drap og øydeleggjing av naturen fører med seg, men også styrken i vennskap og kjærleik.
Om gjendiktaren: Per Olav Kaldestad er fødd i 1947. Var førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen Stord-Haugesund fram til 1997. Han debuterte med diktboka Kikkert i 1973 og har skrive mange bøker i alle sjangrar for både vaksne og barn. Han har gitt ut fleire bøker med gjendiktingar, blant annet av D.H. Lawrence, W.H. Auden og William Shakespeare. Kaldestad var medredaktør for gjendiktingsboka Poetisk modernisme (1995). I 1997 kom Dikt i utval 1973-1993 og Svart puls (2005). Han har óg gitt ut fleire fagbøker. Nyaste gjendikting er Barry MacSweeney: For jordisk hjarte er ikkje nok (2010), saman med Oskar Stein Bjørlykke.