Ein dag vaknar me og det er sommar

349,-

Først er det berre Mir. Ho står utanfor jernbanestasjonen. Det er ein kald dag i mars. Mir er kledd i ein blå kjole med batikkblomar, kanskje har ho arva han. Ho har ei klokke hengande rundt halsen.

Mir legg telefonen mot øyret og seier hei.

 

Mir møter Ruth på ein fest. Til festen har Ruth med seg ei teiknebok, og det første ho gjer, er å teikna andletet til Mir. Saman tek dei form, skaper kvarandre om. Men Mir er berre Mir, og Belle, den gamle nabodama, gir ingen råd, ikkje om kjærleik, og ikkje om sjukdom. I staden held ho fest i bakgarden, med krabbar kokt på gassbluss og loff og sitronar og brennevin i små glas. Og Ruth er Ruth, ho har blå flekker på brysta etter celleprøve, det går bra, seier ho, men ho gir ingen løfte.

Ein dag vaknar me og det er sommar er ein roman om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt, og om alt det som kan veksa og gro, i ein sommar utan like.

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013) og Sibylle (2016) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1).

 

    Ingrid Z. Aanestad: Ein dag vaknar me og det er sommar
  • Forlag: Oktober Forlag
  • Utgivelsesår: 2020
  • Kategori: Prosa
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788249522774
  • Innbinding: Innbundet

Andre kunder kjøpte også: