: imitabilis
kjære: nett no sår eg deg
mellom ormegras og giftvokstrar
forderver deg nett passe
det luktar nyklypt gras
nyvend jord
sola står lågt på himmelen og fargar alt varmt
dei lysgrøne røtene dine frys
kvar dag kryp eg fortare mellom furene
famlar etter deg
Eit direkte og sanseleg språk gir eit glimt inn i ei halvt realistisk, halvt mytisk verd, kor kjærleg omsorg blir til overgrep, og overgrep blir utført med stor kjærleik. Diktsamlinga pendlar mellom varsemd og vald, og undervegs blir det fortalt ei original og brutal forteljing om korleis relasjonar mellom folk, og mellom folk og dyr, folk og natur, kan arta seg.
Nøkkelord: Poesi Debut Samtidspoesi
- Forlag: Oktober Forlag
- Utgivelsesår: 2008
- Kategori: Poesi
- Lagerstatus:
Få igjen
- ISBN: 9788249506033
- Innbinding: Heftet