Katt på heitt blekktak

199,-

Katt på heitt blekktak er eit av hovedverka til den amerikanske dramatikaren Tennessee Williams, og vart oppført første gong i 1955 på Broadway.

Sørstatsfamilien Pollit er samla heime på plantasjen for å feire 65-årsdagen til patriarken Big Daddy, som er ramma av uhelbredeleg kreft. Den eldste sonen Gooper og kona hans verkar grådige på farsarven, mens den yngre broren Brick drikk for mykje og kjenner seg fanga i eit ekteskap der han ikke får leve ut kjærleiken sin. Det som skulle vere ein fest for far, blir eit oppgjer med løgnar, forteiing og løyndommar.

Tennessee Williams (1911–1983) er ein av vår tids store teaterdiktarar og velkjend for stykke som Sporvogn til begjær, Glasmenasjeriet, Iguana-natta, Plutseleg sist sommar, Den tatoverte rosa og Eit kongerike på jord. Han fekk Pulitzer-prisen to gonger.

 

Nøkkelord: Drama Oversatt drama

Andre kunder kjøpte også: