Kva hender i romanen?

I serien "Lese, skrive" inviterer Forlaget Oktober utvalde forfattarar til å skriva om lesing og skriving. Enkelte tekstar kan vera omsette eller utgitte i andre samanhengar. Felles for alle tekstane i serien er at dei seier noko vesentleg og særeige om det å skriva, det å lesa. Dei to første bøkene i denne serien er Ingrid Z. Aanestad: "Kva hender i romanen?" og Terje Holtet Larsen: "Hjemløsheten".

I "Kva hender i romanen?" oppsøker Ingrid Z. Aanestad ulike skrivestader som ein måte å reflektera over eigen og andre sin litteratur på. Aanestad skriv om tilbliinga av eigne romanar, om Cora Sandels "Alberte og friheten" og Sei Sh.nagons "Puteboka", om å samla ord og bilete i ei laus mappe, om venting, tid og forteljing, og om den uavbrotne jakta på eit no.

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020), samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1). 

 

"Gjennom våkne lesninger av Sei Shonagons fascinerende Puteboken – en samling kynisk-sanselige nedtegnelser fra 1000-tallets Japan som regnes som en viktig forløper til det personlige essayet - og Cora Sandels Alberte, som 'bærer rundt på et stort nei i brystet', finner Aanestad et språk som også anskueliggjør det tålmodige arbeidet med å mane frem et utstrakt her-og-nå" – ELISABETH FRØYSLAND PEDERSEN, MORGENBLADET

 

    Ingrid Z. Aanestad: Kva hender i romanen?
  • Forlag: Oktober Forlag
  • Utgivelsesår: 2018
  • Kategori: Essay
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788249519217
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: