Loveprosjekt

199,-

I ei lysnatt, frå høgmast til høgmast

linjer av straum i dine hender,

dirren frå hoftene, suget mellom

saknet og svelget.

Den spröda, gröna bristytan.

Från alla master, stammar:

ett ljus.

Loveprosjekt er ei dialog-poetisk undersøking av kjærleiken og seksualiteten, ein lyrisk dokumentar om kjærleikens kraft og krevjande transportetappar. Og om spennet mellom det som har vore demd opp og halde att, og det som kan, må og skal sleppast ut. Loveprosjekt er ein vekselsong mellom to språk, der to poetiske røyster kryssast og smeltar saman i eit unikt og umetteleg univers

Andre kunder kjøpte også: