Om søvn og mørke

379,-

Tormod ligg i graset og lever seg inn i mauren sitt liv, dei som held seg i skjul under steinar og røter. Han drøymer seg bort frå livet på marka, frå slåtten og suta for jord og dyr. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. "Om søvn og mørke" går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 1990-talet. Det er ein roman om eit barn som vil bli vaksen og ein mann som vil springe frå barndommen sin og stige ut av standen han har vakse inn i. Det handlar om draumar, ansvar og fridom, og om å bryte med tradisjonen for å bli kunstnar. Om søvn og mørke er ein roman som med stor kraft følgjer søvnen sine måtar å bevege seg på i tid og rom, på grensa mellom liv og død.

«Tormod Haugland held stillferdig og kjærleg fram med å skildra livet sitt som roman.... ingen eg har lese, heller med større finkjensle og godhug for dei folka han har vakse opp og levd med: Han har ingen økser å slipa, ingenting å hemna, ingen å henga ut, om det då ikkje er seg sjølv han vil koma under ver med same koss det kjennest. I prosessen tar han ikkje lett på seg sjølv, men forblir likevel heile vegen ein gild mann å bli stadig betre kjend med... ein oppvekst-, dannings- og kjærleiksroman av uvanlig kvalitet» – JAN ASKELUND, STAVANGER AFTENBLAD

«Uttrykksfullt og undrende om søvngjengeri. Selvbiografisk og likefrem på overflaten, med en undertekst rik på assosiasjoner ... Boken får også frem hvor innholdsløst ordet «virkelighets­litteratur» i grunnen er. Litteratur blir skapt av språk, ikke virkelighet. Fantasi handler om å ha evnen til å skape gode setninger som får leseren til å se virkeligheten på nye måter. Det klarer Tormod Haugland» – GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE

«Lysende om livet. Hvis språk er makt, er Tormod Haugland en mektig mann. Han har språket i sin hule hånd» – ANNE CATHRINE STRAUME, NRK P2