To stykke

248,-

To stykke består av dei to teatertekstane «Hus forbi» og «Isolasjon». I «Hus forbi» møter vi Unn, Frank og Hank. Unn er gravid, eller er ho det? Kven er i så fall faren? «Hus forbi» er eit trekantdrama om menneske på leiting etter seg sjølv og kvarandre. Stykket hadde urpremiere på Det Norske Teater under Dramatikkfestivalen våren 2002. Handlinga i «Isolasjon» tar utgangspunkt i ein far som vender tilbake til familien på sonens fødselsdag. Med seg har han ei ung kvinne, kan ho vere noko for sonen? Det skapas fascinerande parallellar og speilingar mellom karakterane, som gjennom stykket i stadig større grad pratar forbi kvarandre.

 


 
 

Nøkkelord: Drama

    Tormod Haugland: To stykke
  • Forlag: Oktober Forlag
  • Utgivelsesår: 2002
  • Kategori: Drama
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 76
  • ISBN: 49501101
  • Innbinding: Heftet