Eit lys over hovudet

198,-

Dimitré Dinev presenterer eit broket galleri av menneske på leiting etter livsopphald og eit meiningsfylt tilvere. Ein del er flyktningar som slit med å overleva i kvardagen og med å fremja si sak mot eit stivbeint byråkrati.

 

Dinev er ein skarp observatør og ein raffinert stilist som med få ord og korthogne setningar karakteriserer figurar og mellommenneskelege relasjonar, rissar opp bakgrunn og manar fram avgrunnar. Det som i utgangspunktet synest realistisk, kan svinga over i det fantastiske. Bak det fantastiske kan det avteikna seg ein skarp satire, det tragiske kan brått slå over i det komiske, det enkle og naive over i det burleske og absurde.

 

Dimtré Dinev, fødd i 1968 i Plovdiv, Bulgaria, kom til Austerrike i 1990 som illegal innvandrar. Etter strevsame år med tilfeldige jobbar og filologiske studier i Wien gav han i 2003 ut den kritikarroste romanen "Engelszungen". Etter novellesamlinga "Ein Licht über dem Kopf" (2005) har han særlig arbeidd for teatret og fått oppført fleire stykke på sentrale scenar.

    Dimitré Dinev: Eit lys over hovudet
  • Forlag: Solum Forlag
  • Utgivelsesår: 2009
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788256016303
  • Innbinding: Heftet