Sansen for plassen

295,-

Seamus Heaney, som fekk Nobelprisen i 1995, har ved sida av diktargjerninga si i mange år markert seg som ein framifrå essayist. I dette omfattande utvalet av prosastykke fins tekstar frå 70-talet og fram til Nobelforelesinga som Heaney gav 7. desember 1995. Seamus Heaneys essays og foredrag er prega av ein engasjerande og smittande kjærleik til litteraturen. Dei er skrivne frå ein personleg ståstad, der det som også kjenneteiknar lyrikaren Heaney - det lokale irske - har sin sjølvsagte plass og gir dei ein nesten skjønnlitterær omgivnad. Tekstane blir dermed eit spennande møte med ein av dei viktigaste forfattarane i verda i dag og samstundes ein vegvisar i litteraturen, som inspirerar lesaren til å følgje Heaney på oppdagingsferd i den store diktekunsten.

Nøkkelord: Essay Litteratur Poesi

    Seamus Heaney: Sansen for plassen
  • Forlag: Solum Forlag
  • Utgivelsesår: 1996
  • Kategori: Essay
  • Oversetter: Grethe Fosse / Jon Fosse
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 232
  • ISBN: 8256010592
  • Innbinding: Innbundet

Av samme forfatter: