Dønn distrè. Eller berre litt surrete
Truser som tullar seg bort, og tallerkenar som dett ned frå taket på bilar i fart. Historier om dette og mykje meir finn du i denne underhaldande og lærerike boka om det å vera distré. Eller dønn distré, som forfattar og stortingsrepresentant Jenny Klinge sjølv er.
Ho presenterer historier om både seg sjølv og mange andre distré menneske, kjente og ukjente. Fagfolk fortel i boka om kva som gjer oss menneske distré, og kvifor somme av oss er meir distré enn andre. Og vi får råd om korleis vi kan bli mindre surrete av oss, dersom det skulle vera eit mål.
Denne boka passar for den distré sjølv, som gjerne vil sjå at fleire strevar med dette, og at det går an å le av det heile. Og boka passar for dei «pårørande», dei som kjenner eller er i slekt med distré menneske, og som gjerne vil forstå meir om dette artige og litt slitsame fenomenet.
- Forlag: Spartacus Forlag
- Utgivelsesår: 2021
- Kategori: Teori
- Lagerstatus: Ikke på lagerVarsle meg når denne kommer på lager
- ISBN: 97882430133
- Innbinding: Heftet