Beijing Trondheim 1/2025 (12)

kr 150,00

Beijing Trondheim er et småforlag og tidsskrift med tilhold i Trondheim. Ordet «beijing» betyr direkte oversatt fra kinesisk «nordlig hovedstad», og ble på gamle kinesiske kart brukt som betegnelse på Trondheim. Ved å ta dette navnet i bruk, ønsker Beijing Trondheim igjen å sette Trondheim på kartet som en viktig by for kunst og kultur. Navnet reflekterer i tillegg til den lokale forankringen, en vilje til å se ut over landegrensene mot den internasjonale litteraturen.

3 på lager

Kategori:

Beskrivelse

Det mystiske havet har vore objekt for mang ein tekst, og i dette nummeret får vi æra av å vise fram eit knippe trønderske og internasjonale tekstar som alle er kopla til vatn, nydeleg akkompagnert av Anine Hansen sine verk, laga med trykkemetoden collografi. Inspirert av bølgene si interferens har vi valt å blande saman dei ulike tekstane i dette nummeret, framfor å dele dei inn etter teksttype. Slik håpar vi at nye og gamle tekstar, korte og lange innslag, dikt og prosa, får verke på lesaren som ei samling av krusningar i sinnets vassflate – samstundes.

Tekstar som rommar refleksjon, motstand og kriseskildring sildrar gjennom denne utgåva. Ein del av historia lagrar vi i orda vi etterlet oss, noko som Etel Adnan i aller høgaste grad gjorde med sitt forfattarskap. I dette nummeret får vi lese den libanesisk-amerikanske poeten på norsk ved Ida M. Andenæs, og vi ser at tekstane hennar (diverre) er slåande relevante enda. Poesien hennar rommar både innovervendte vendingar og sterke samfunnskildringar på ei og same tid. Eit anna introspektivt-utoverretta blikk finn vi i dikta til vår debutant for denne utgåva, Miko Børseth Barca. Hen utforskar utanforskap og identietsspørsmål i korte, men potente liner. Vidare, i Eirik S. Røkkum si gjendikting av amerikanske Louise Glück, utforskast ei indre krise reflektert i skildringar av ljos og skugge, dei som er premissleverandørar for blikket, for tv-en si flimring og for menneskesinnet like så.

Med temaet krusning håpar vi her å skissere ut nokre vassvegar i litteraturlandskapet – det vere seg dei små, trillande bekker, eller dei store, ville hav. Tekstane i denne utgåven visar fram vatnet som vitalt element, på godt og vondt, i direkte og indirekte forstand.

Detaljer

Tidsskrift: Beijing Trondheim
Først publisert: 2025
Språk: Norsk
Sider: 62
Innbinding: Heftet