Dikt i samling

kr 299,00

Kjartan Hatløy har dei siste åra stått stadig tydelegare fram som ein av våre viktigaste naturlyrikarar. I Hatløys dikting er det kosmiske…

Utsolgt

Kategori:

Beskrivelse

Kjartan Hatløy har dei siste åra stått stadig tydelegare fram som ein av våre viktigaste naturlyrikarar. I Hatløys dikting er det kosmiske dimensjonar over sjølv dei minste og mest kvardagslege ting: klukkinga i den vesle bekken, lyset frå kniven på kjøkkenbenken, det svarte glimtet i kråkas auge, kattens langsame steg over tunet. Kvar rørsle er ei stor hending, kvar minste eksistens eit mirakel, og mennesket får halda seg i bakgrunnen. For riket er vårt, men jorda er berre til låns.

Med denne boka ligg alle Kjartan Hatløys elleve diktsamlingar føre i eitt band.

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Han har gitt ut til saman elleve samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 vart innstilt til Brageprisen, og Den kvite vegen frå 2016 vart innstilt til Ungdommens kritikerpris.

 

«Hatløy har en helt særegen evne til med få ord å få frambrakt et helt verdensbilde … en av de vesentligste poetene i Norge de siste tjue årene» – Espen Grønlie, DAGBLADET 

Detaljer

Først publisert: 2017
Språk: Norsk
Sider: 0
ISBN: 9788249518586