Beskrivelse
Jon Olav Sørhaug debuterer med diktsamlinga Du finst i bølgjene. Ei røyst, eit eg, famlar og tøyer seg og lengtar etter nokon som aldri er der, men som på grunn av saknet er der likevel. Det kan vere eit lite barn som er drukna, det kan vere eigen barndom og eige sjølv det urolege lyriske eg lengtar etter.
Ei tapt tid, ein tapt eksistens, eit liv kopla til død eller fråvær. Og gjennom setningane og minna i heile boka: Havets rørsler i ei plastisk mjuk rytmisk veksling.
Du finst i bølgjene er ein poetisk lesetrip, uthaldande og fokusert. Og både på korte og lange distansar musikalsk levande og vakker i tone og språkføring. På eit vis er boka som eit musikkverk – i ord, ikkje i tonar – inndelt i fire lange «satsar». Fleire av dei mindre einskildtekstene står seg godt åleine, men det er i det lange draget gjennom kvar einskild bolk/sats at boka står fram. Ikkje minst er opningsbolken lysande vakker, klar, medrivande og overtydande.
«Debutantdikt med slåande beat … Diktdebutanten Jon Olav Sørhaugs slyngande diktsveip og lause ordremser er tidvis suggererande lesnad. Særleg beaten som strøymer gjennom dikta og høgg tak i ein umiddelbart, bidreg til dette … ein lovande debut.» Sindre Ekrheim, Bergens Tidende