Jakta på elgjaktkulturen

kr 245,00

Dette er boka om den moderne elgjaktkulturen. Mange trur dette er ein jaktkultur med lange historiske røtter. Men den omfattande elgjaktaktiviteten…

Utsolgt

Kategori:

Beskrivelse

Dette er boka om den moderne elgjaktkulturen. Mange trur dette er ein jaktkultur med lange historiske røtter. Men den omfattande elgjaktaktiviteten som pregar mange bygder nokre hektiske haustveker kvart år er av ny dato.

Årleg dreg nærare 70 000 jegerar til skogs på elgjakt. Det har vore skrive mykje om både elg og elgjakt i Noreg, men dette er den første boka som ser elgjakta i eit større sosialt perspektiv. Boka skildrar ulike sider ved det sosiale livet rundt elgjakta og tar opp meir generelle spørsmål knytta til jakta si plass i det moderne samfunnet. Forfattarane presenterer nye og spennande skildringar av elgjakta som vil interessere langt utanfor gruppa av erfarne jegerar.

Detaljer

Først publisert: 1999
Språk: Norsk (bm/nyn)
Sider: 189
ISBN: 9788279350095
Innbinding: Heftet