Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga

kr 279,00

I profesjonsutdanningar er refleksjon eit godt innarbeidd omgrep, og dei fleste er også samde om at det er viktig at studentar lærer seg å…

Utsolgt

Kategori:

Beskrivelse

I profesjonsutdanningar er refleksjon eit godt innarbeidd omgrep, og dei fleste er også samde om at det er viktig at studentar lærer seg å reflektere. I denne boka vert det sett spørsmålsteikn ved ein måte å reflektere på som inneber at all refleksjon er like gyldig.

Med utgangspunkt i ei empirisk undersøking av refleksjon i norsk førskulelærarutdanning syner forfattaren korleis refleksjon artar seg i rettleiingssituasjonar. Gjennom observasjonar av rettleiingssamtalar og intervju med studentar og lærarutdannarar går det fram at refleksjon tener som forsterking og spegling av det ein alt veit. Refleksjonen vert kraftlaus.

Forfattaren argumenterer for eit viktig skilje mellom det ho kallar refleksjon som djuptenking, retta mot meir av det ein alt veit, og refleksjon som grunnlag for å overskride det eksisterande, ein kraftfull refleksjon. Denne er filosofisk forankra i fenomenologi og er spesielt inspirert av filosofar som Simone de Beauvoir, Hannah Arendt og Maurice Merleau-Ponty. Desse er alle, om enn på litt ulikt vis, opptekne av tenking og refleksjon med utgangspunkt i levde liv. Det er først når menneske oppnår medvit om eiga tenking, at dei kan overskride den og det som alt er tenkt frå før.

Introduksjon ved Mikael Alexandersson, Universitetet i Göteborg.

Detaljer

Først publisert: 2004
Språk: Norsk, Nynorsk
Sider: 139
Innbinding: Heftet