Kvalifisering for profesjonsutøving. Sjukepleiar – lærar – sosialarbeidar

kr 297,00

– Kor viktig er utdanninga i kvalifiseringa av profesjonsutøvarar?
– Korleis bør profesjonsutdanningane styrkast?

Denne boka drøftar…

Utsolgt

Kategori:

Beskrivelse

– Kor viktig er utdanninga i kvalifiseringa av profesjonsutøvarar?
– Korleis bør profesjonsutdanningane styrkast?

Denne boka drøftar empiriske og normative spørsmål knytt til profesjonskvalifisering. Framstillinga set søkjelys på og samanliknar tre sentrale velferdsprofesjonar: sjukepleiarar, lærarar og sosialarbeidarar. Boka legg fram ny empirisk kunnskap om korleis utdanninga til desse yrka blir vurdert av studentar og ferske utøvarar. Ho undersøkjer forholdet mellom utdanning og yrke og den vidare opplæringa i yrket. Boka tek også opp ein normativ diskusjon om korleis profesjonskvalifiseringa bør styrkast. Det blir her vist til ein meir allmenn debatt som strekkjer seg utover dei nemnde profesjonane.

Boka viser at det er behov for å tenkje gjennom relasjonen mellom utdanning og yrke på nytt. I profesjonskvalifiseringa må ein fokusere på kunnskapsinnhald, men òg på den personlege utviklinga og den profesjonelle identiteten til dei som følgjer kvalifiseringsløyper mellom utdanning og yrkesfelt.

Boka er eit resultat av deltaking i arbeidet med to prosjekt ved Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo – gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Volda, "Velferdsstatens yrker" og "Qualifying for Professional Careers". Begge er finansierte av Noregs forskingsråd.

Detaljer

Først publisert: 2010
Språk: Norsk, Nynorsk
Sider: 195
Innbinding: Heftet
Author: Kåre Heggen