Beskrivelse
Rosalind er heltinna i denne komedien frå 1599-1600. Ho er datter av ein hertug som er blitt avsett og fordrive av ein svikefull bror. Far hennar har flykta til Arden-skogen, medan Rosalind er blitt igjen ved farbrorens hoff. Men så blir ho forelska i Orlando, som også må flykte fordi bror hans vil ha arven hans, og ønskar livet av han. Da også Orlando dreg til Ardenskogen, følgjer Rosalind etter, forkledd i mannsdrakt, saman med kusina si. Det varer ikkje lenge før dei støyter på Orlando, men Rosalind gjev seg ikkje til kjenne.
Edvard Hoem har gjendikta ti skodespel av William Shakespeare: Kong Lear (1981), Romeo og Julie (1985), Kjøpmannen i Venezia (1990), Troilus og Kressida (1994), Othello (1996), Når trollet skal temmast (1997), Richard III (1998), Macbeth (1999), Som de vil (2000) og Richard II (2005).