Spesialundervisning i grunnskulen

kr 365,00

Historia til spesialundervisninga er ei forteljing som reiser grunnleggjande spørsmål om velferdsstaten er for alle. Elevar som har spesielle behov…

Utsolgt

Kategori:

Beskrivelse

Historia til spesialundervisninga er ei forteljing som reiser grunnleggjande spørsmål om velferdsstaten er for alle. Elevar som har spesielle behov for hjelp og støtte, har ikkje alltid fått det i skulen. Kravet om rett til undervisning kom først og fremst frå foreldra. Politikarar og pedagogar var dei største motstandarane. Det har vore debatt og strid rundt spørsmål knytt til rettferd, ressursar, utdanningspolitikk og profesjonalisering. Kven skal definere om elevar med behov for spesialundervisning skal få hjelp? På kva grunnlag skal dei få denne hjelpa? Skal dei gå i spesialskular eller i normalskule? Kva status skal dei ha i ein grunnskule for alle?

Framstillinga legg hovudvekta på perioden etter 1960 og drøftar både dei politiske formuleringane og måla for spesialundervisninga, realiseringa av desse og kva som er oppnådd. Boka gir eit oversyn over ulike kunnskapstradisjonar og det som er gjort av forsking innan spesialundervisninga.

Boka vender seg til studentar som utdannar seg til yrke innan utdannings- og sosialsektoren, som har med barn og ungdom å gjera, som t.d. lærar, spesialpedagog, førskulelærar og barnevernspedagog. Boka er også aktuell for foreldre og politikarar med interesse for utviklinga av spesialundervisninga.

Detaljer

Først publisert: 1999
Språk: Norsk (nyn)
Sider: 244
Innbinding: Heftet