Beskrivelse
Denne hausten feirer Mellom ti år som tidsskrift, og i dette jubileumsnummeret rettar me fokus mot eit av dei store spørsmåla for omsetjarar verda over: Kva rolle speler menneskelegheit i omsetjing? Blant forlag, forfattarar, lesarar, kunstig intelligens og sosiale medium, kva plass er det eigentleg att til det menneskelege? Jubileumsnummeret av Mellom er fylt med omsetjingar, bokmeldingar og artiklar som freistar å kome nærare desse spørsmåla, og å syne at det menneskelege ikkje har utspelt si rolle. Velkomen!

