Song for Eirabu. Bok 1. Slaget på Vigrid (P)

149,-

For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte.

Dronning mot offerprestinne
Då dei to eldste jentene, Ragna og Berghitte, blir 14 og 15 år, er tida inne for at dei skal innvies i oppgåvene dei er esla til. Ragna vert opplært som offerprestinne i eit kongedøme, mens Berghitte blir dronning i eit anna. Det går mot krig mellom dei to kongedøma, og soleis òg mellom dei to søstrene. Kaoskreftar er i sving, og dette blir ei forteljing om spennet mellom gamle spådomar og eigen vilje, age for gudane og hug og lengt etter makt.

Eigne val mot gamle spådomar
Psykologen og debutanten Kristine Tofte (f. 1970) har med Song for Eirabu skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader. Menneska si vilje og eigne val blir sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter. Med psykologisk innsikt og eit sikkert og litterært språk gjer Tofte kampen mot verdas undergang levande og gripande for lesaren.