Sypress

I trettifem år har ho ikkje ein gong tenkt tanken på å dra dit. Aldri meir Algerie, dette heimlandet som ikkje ville la henne kome innanfor.

Det er lenge sidan mor hennar, den tyske jødiske jordmora, blei fordreve frå Algerie. Dei franske forlét landet i 1962, då den blodige frigjeringskrigen tok slutt. Jordmora blei verande og hjelpte hundre­vis av nye algeriarar til verda kvart år, til ho blei jaga ut med kort varsel i 1971. Kvifor vil dottera dra tilbake NO? Er det mogleg å dra tilbake? Mora slår i bordet og seier «nei», aldri meir Algerie!

Det er både tvil og håp når det gjeld Zohra Driff, klasseveninna frå dengong, ho som blei ei av dei leiande i den algeriske frigjerings­rørsla FLN, ho som sat i fengsel og som ikkje visste at Hélène ville skrive brev, skreiv dei, men kom dei fram? Kunne dei kome fram? Etter alle desse åra? Er det lagnaden som lèt brev flakke omkring i ei tid som ligg utanfor både skrivar og adressat?

Tilbakereisa blir eit sterkt og poetisk anna-møte med dengong, i dag. Venen Derrida er død, men han er her likevel og viser veg, i sitt Algerie, i heimbyen sin, Alger. Og forteljaren Hélène finn veg, til slutt. Til kva, til kven? Det står ein sypress der.


Hélène Cixous (f. 1937) er ein internasjonalt kjend forfattar. Dei fleste bøkene hennar er fiksjonstekstar, man ho har også skrive fleire skodespel og teoretiske tekstar. I fiksjons­teksten SYPRESS så nær reiser forteljaren Hélène Cixous tilbake til Algerie der ho blei født og der ho tilbragte barndommen og ungdomstida.

SYPRESS så nær er den fjerde boka av Hélène Ciouxs som er omsett til norsk av Grete Kleppen. Dei tre første er Osnabrück (2003), Blendverk (2006) og Gull, breva frå far min (2008). For omsetjinga av Blendverk fekk Kleppen Bastianprisen 2007.

    Hélène Cixous: Sypress
  • Forlag: Bokvennen Forlag AS
  • Utgivelsesår: 2010
  • Kategori: Prosa
  • Oversetter: Grete Kleppen
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 178
  • ISBN: 9788274882294
  • Innbinding: TrÃ¥dinnbundet