Eg, Ove Kvamme

I sin debutroman fortel Jens K Styve historia om den heimvendte sonen Ove Kvamme. Han er ein fråskilt mann, med ein bag klede, ein 80 GB iPod og ein gul Golf.

Med dette, og hjelp frå avansert satellitteknologi, skal han kome til botns i kva som eigentleg skjedde.

Når Jens K Styve no debuterar som forfattar er det med ein fullblods roman: ei historie om søken etter opphav og sjølerkjenning. Alt fortalt i eit presist språk med hendingar som kallar på den lune humring – men som òg får fram klumpen i halsen.

Nøkkelord: Prosa Roman Debut