Neverland

Popkultur og død - Neverland er ein sorgmunter fabel om fantasiflukt som smertelindring.

Mikkel skal dø. Men Anna, mor hans, kan dansa som Michael Jackson og fortel Mikkel at han skal til Neverland. Anna vil at Klaus skal skriva om Mikkel i avisa, men Klaus er meir oppteken av å avdekkja eit enormt og gruvsamt barneslaveterrormisbruksnettverk.

Maria Tryti Vennerød debuterte under Norsk Dramatikkfestival i 2002. Ho fekk Ibsenprisen 2005 for Dama i luka. Vennerød har markert seg som ein av dei mest interessante unge dramatikarane i sin generasjon.