Ny grunnlov

299,-

Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner.

Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga.

Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom.

Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotos.

Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar.

Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden og Våre venner kinesarane tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992.

Han har fått fleire prisar, bl.a. Sigmund Skard-stipendet i 2001 og Kringkastingsprisen i 2005.

 

    Are Kalvø: Ny grunnlov
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Utgivelsesår: 2013
  • Kategori: Prosa
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • ISBN: 9788252182934
  • Innbinding: Heftet