Alberto Caeiros poesi

Minst fire av dei største portugisiske forfatterskapa i moderne tid er skrivne av ein og same mann: Fernando Pessoa (1888–1935). Eit av hovudverka, Alberto Caeiros poesi, kjem nå ut i ei komplett utgåve på Flamme Forlag, i gjendikting ved Øystein Vidnes.

Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro var læremeisteren til alle dei andre forfattarane som Pessoa dikta opp. Dei opne og prosaiske dikta til Caeiro utgjer eit eige univers, prega av det enkle livet på landet og fornekting av dei store spørsmåla. Desse erstattar han med ein filosofi som handlar om å sjå, å ta inn verda gjennom auga, utan å filtrere inntrykka gjennom ein innlært fornuft.

«Å vere poet er ikkje eit mål for meg.
Det er min måte å vere åleine på.»
– Alberto Caeiro

——

Ein som høyrde versa mine, sa til meg: Kva er nytt med dette?
Alle veit at ein blomster er ein blomster og eit tre er eit tre.
Men eg svarte: ikkje alle, ingen.
For alle elskar blomstrane for å vere vakre, og eg er annleis.
Og alle elskar trea for å vere grøne og gi skugge, men ikkje eg.
Eg elskar blomstrane for å vere blomstrar, heilt enkelt.
Og eg elskar trea for å vere tre, utan å tenkje.

——

«Norske lesere har fått en enestående inngang til Fernando Pessoas litterære univers … Av de foreliggende norske Pessoa-utgivelsene er dette utvilsomt den som gir leseren best innblikk i heteronymenes storstilte dramatiske fiksjon, med alle dens ironier, speilinger og motsetninger. Vidnes gir oss Caeiro i Pessoas ånd … Gjendiktningen er gjennomført og preges av løsninger som røper den samme fortroligheten med diktverket Vidnes røper i innledningen.» – Ellef Prestsæter, Klassekampen

    Fernando Pessoa: Alberto Caeiros poesi
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgivelsesår: 2012
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Øystein Vidnes
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 260
  • ISBN: 9788282880367
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: