Drøymevegring
Gyrdir Elìasson (f. 1961) er ein av dei fremste diktarane i Norden. I 2011 fekk han Nordisk råds litteraturpris. I 2023 var han festivaldiktar på Nordisk poesifestival/Rolf Jacobsen-dagane på Hamar. Drøymevegring er den seinaste diktsamlinga hans. I denne er eget kvilelaust, stadig på reise, fell ikkje til ro. Han ser vatn likt bly, tre som veks opp ned, flyg omkring eller står som spjut i himmelen, han ser tog og karavanar som ikkje kjem frå eller kjem nokon stad, urolege stjerner i mørkret, utdøydde fuglar. Det indre og det ytre fell saman i desse dikta, dei viser fram eit land mellom draum og vaken tilstand, eller båe tilstandar samstundes. Den verda Gyrdir Elíasson diktar fram, er dramatisk og mørk, men også kvardagsleg, og nett difor er dikta uroande. Han har ein tilforlateleg omgang med øydelegginga omkring oss og det ufattelege i tilveret. Særeigen er blandinga av åtvaring og likesæle som dirrar mjukt i røysta hans.
- Forlag: Nordsjøforlaget
- Utgivelsesår: 2023
- Kategori: Poesi
- Lagerstatus:
Få igjen
- Antall sider: 132
- ISBN: 9788292899540
- Innbinding: Heftet