Sjøskade

379,-

"Og om natta når alle søv, svømmer delfinane heilt inn i dei trongaste fjordane og legg seg inntil gjestebryggjene, når det er stille i gatene, kjem reven ned lia og snusar på søppelspanna, når eg ligg og søv, løftar naturen seg opp frå bøygde nakkars dalar og lute buskar medan dei sjøskadde draumane skyl hovudet mitt reint og prøver å fortelja meg at det går bra, eg kjem tilbake, no er eg tilbake, det finst luft nok her".

Johs har flytta heim til garden ved sjøen der han vaks opp. Her bur han saman med dottera Jill og faren Paal, enkemann på andre året. Etter ei dykkarulukke, då oksygentilførselen svikta og Johs var nær ved å drukna, har han slite med syn og med sansane, og han har vore sjukemeld frå jobben som marinbiolog i lang tid. Men i kjellaren på garden ligg eit hemmeleg forskingsobjekt han skal skriva rapport om, og som skal bli Johs sin veg tilbake.

"Sjøskade" er ein roman som krinsar rundt naturen, sjøen og havet - det mytiske, livgjevande og øydeleggjande havet - både som tema og skodeplass. Det er også forteljinga om tre ulukker, og om ein liten familie med tre medlemar i tre generasjonar. Eirik Ingebrigtsen går tett på og skriv nært og sanseleg om kvardagen og dei store livskreftene, og om ein far si frykt og omsorg.