Solplomme
I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live. Portane til ånderiket står på vidt gap, og den som er vaken eller ute på vift, kan komme i kontakt med alle slags krefter. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Er det frigjerande eller trugande
Solplomme inneheld ein serie dikt med eit rituelt, messande preg, skapt av rytme, rim og repetisjonar. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope? Solplomme er ein heilt eigen flora.
I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta. Solplomme er skapt til Romedalen, staden der det vart urframført. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket. Både dikt og musikk er å finne i denne boka: Med utgivinga av Solplomme følgjer også ein CD. Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk. Musikken er skriven i nær dialog med dikta, og kan gjerne lyttast til medan ein les.
- Forlag: Oktober Forlag
- Utgivelsesår: 2024
- Kategori: Poesi
- Lagerstatus: Ikke på lagerVarsle meg når denne kommer på lager
- ISBN: 9788249528769
- Innbinding: Innbundet