Det ingen har fortalt deg

349,-

Eg manglar ei tyngd mot meg.

Eg manglar ei tyngd.

Og bare føter over nattegolvet.

Karoline har alt, ein kjærleg mann, to born og ein veksande forfattarskap. Likevel drøymer ho jamnleg om å miste det heile og begynne på nytt. Når ungdomsveninna Pia inviterer henne til skrivedagar i København, tenker ho at dette kan i det minste vere ein smak av det. Ein smak av fridom. Men Pia definerer ikkje fridom på same måte. Og kva er eigentlig lukke?

Bergljot K. Nordal er fra Førde, men har sidan ungdommen budd i Ål i Hallingdal. Ho er utdanna innan litteraturformidling og jobbar no frilans. Det ingen har fortalt deg er hennar tredje bok.