Dette er andre dagar

Dette er andre dagar tek oss med tilbake til denne tida, til heimeskulen og den lokale skogen –  til eit liv som brått blei så lite. Samstundes gjer boka store sprang: ut i verda, tilbake i historia og inn i framtida -- frå bygda mellom fjella til den tinande permafrosten i Alaska. For utanfor den vesle bobla av stillstand som denne våren skapte i eit lite land, står verda med alle sine kriser og konfliktar og bankar på.