Illusjon?

209,-

Illusjonar finst det fleire typar av: Som enkeltmenneske konstruerer vi illusjonar som vi treng for å leve. I politikken og samfunnslivet speler dei store, kollektive illusjonane ei viktig rolle. Men kva skjer når illusjonane blir avslørte? Fører dei med seg endå større illusjonar? Hellesnes tek lange sveip inn i norsk politikk og europeisk idéhistorie og presenterer friske og skarpe analysar av vår eiga samtid.

Denne boka inneheld blant anna historia om ein mislykka bergingsaksjon: I 1760-åra var Jean-Jacques Rousseau i stor fare. Prestevigde åndsmenn, juridiske autoritetspersonar og ikkje-autoriserte drapsmenn var ute etter han. Han blei berga unna det europeiske kontinentet og kom til England. Der var han trygg. Slik såg det i alle fall ut. Men Rousseau fekk mistanke til leiaren for bergingsaksjonen, David Hume. At Hume ville han vel, kunne vere ein dødeleg illusjon! Dermed var nye, farlege intrigar i gang. Rousseau og Hume var både offer for og avslørarar av illusjonar.

Fleire spørsmål står sentralt i denne boka: Kva er ein illusjon? Finst det illusjonar av radikalt ulike slag? Korleis verkar kollektive illusjonar? Kva rolle kan illusjonar spele i politikken? Kva med avsløringa av illusjonar? Kan den føre med seg ein endå større illusjon, ei endå verre ulykke? Er nihilismen illusorisk? Kva er lettnihilisme? Kva er ideologisk utpressing? Spørsmåla får ei viss avklaring, og det kjem framlegg til svar. Boka tek òg lange sveip inn i andre problemfelt enn dei som direkte vedgår emnet illusjon. Indirekte er det likevel ein samanheng.

 

Nøkkelord: Filosofi