Vinduet 3/2020
Stort haustnummer, med markering av 100-årsjubilanten Jens Bjørneboe, utvida meldingsseksjon, ei undersøking av bokbransjens homogenitet og mykje meir! Korleis skal me lese Jens Bjørneboe i dag? Ville han vorte kansellert, hadde me trengt han i dagens litterære og politiske offentlegheit? Det er blant spørsmåla Aslak Sira Myhre, Geir Gulliksen og Kjersti Bale drøftar i ein stor samtale i haustens utgåve av Vinduet, som mellom anna markerer Bjørneboes 100-årsjubileum. I lys av den store antirasistiske rørsla som har prega året så langt, ser Vinduet på kva veg som framleis gjenstår før Litteratur-Noreg speglar heile Noreg, og snakkar med den danske forfattaren Jonas Eika om politisk motstand, litterære dystopiar og utopiske impulsar. Elles kastar koronapandemiens naturleg nok skugge over fleire av tekstane, slik som Vilde Sagstad Imelands essay om ein spesiell busstur over svenskegrensa i mars, og Anna Kleivas kortreiste reiseskildring frå Gudbrandsdalen. Som alltid vert det dykka ekstra djupt ned i nokre utvalde forfattarskap, denne gongen i form av Eirik Lodéns grundige intervju med 70-årsjubilanten Karin Haugane, Audun Vingers essay om 81-årsjubilanten Tor Åge Bringsværd og Sindre Andersens drøfting av forfattarskapen til Caroline Kaspara Palonen. I den utvida meldingsseksjonen les Marius Emanuelsen Karl Ove Knausgård, Live Lundh les Karin Haugen, Maria Lokna les Kjersti Annesdatter Skomsvold, Torgeir Holljen Thon les Zeshan Shakar, Marianne Gunderson les Sarah Smith Ogunbona og Sumaya Jirde Ali les Marius Midré.
- Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
- Utgivelsesår: 2020
- Tidsskrift: Vinduet
- Kategori: Tidsskrifter
- Lagerstatus: Ikke på lagerVarsle meg når denne kommer på lager
- Antall sider: 194
- ISBN: 9788205542488
- Innbinding: Heftet