Hus med sjel og soge: dikt

Denne boka viser mange – men eigentleg berre ein liten del – av dei forlatne husa eller øydegardane på Island. Her kjem ei sterk historie fram, husa fortel eigentleg sjølve om kva som har hendt dei. Livet som vart levd der sit i veggane. Endå dei ikkje står støtt lenger, om dei har smuldra opp, er staden prega av ånda til dei som budde der, stadene talar taust, men tydeleg til oss. Diktaren fangar bodskapen deira utan å idealisera fortida. Når vi stadig jaktar på heltar og unntaksmenneske i fortida, vert historia fjern. Men i desse dikta, gjennom desse skrøpelege huskroppane, talar svunnen tid direkte og gripande. Talen kan vere lys, mørk, lågmælt, sorgsam og støyande. Illustrasjonane gjer noko av det same, ein kan lyda etter stemmer og forteljingar i dei òg.

    Aðalsteinn Ásberg Sigurðsson: Hus med sjel og soge: dikt
  • Forlag: Nordsjøforlaget
  • Utgivelsesår: 2022
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Oskar Vistdal
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 94
  • ISBN: 9788292899526
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: