Sumarmåne
«Diktaren elskar sanning, men tykkjer samstundes det er krevjande å fatta og forhalda seg til henne. For korleis kunne det skje at den vakre jenta frå Fair Isle tagna, ho som var ei så viktig stemme? Kvifor døydde ho så tidleg? Og kvifor finst det så mykje bortforklåring og manipulasjon av sanninga her i verda? Kanskje er det slik menneska kan verna seg mot lagnad og røynsle? Poeten kan ikkje det dersom han skal dikta, men må sjå etter henne slik han leitar etter sumarmånen på himmelen. Måneskiva lyser så veikt om sumaren i nord, men nokre gonger skin ho opp uventa sterkt i den lyse natta.» Boka kan lesast som ein elegi. Aðalsteinn Ásberg Sigurðsson er ein av dei fremste forfattarane på Island. Han er elles ein kjend og kjær artist. Han har drive kvalitetsforlaget Dimma sidan 1992. Bøkene hans er omsette til mange språk, og for to år sidan ga Nordsjøforlaget ut den fascinerande boka Hus med sjel og soge om forlatne hus og gardar på Island som han laga saman med fotografen Nökkvi Elíasson.
- Forlag: Nordsjøforlaget
- Utgivelsesår: 2024
- Kategori: Poesi
- Oversetter: Oskar Vistdal
- Lagerstatus:
Mange igjen
- Antall sider: 71
- ISBN: 9788269338805
- Innbinding: Heftet